Jula kom tidleg

Kompaz og juniorkomiteen inviterte til pepperkakehusbygging på CISV-huset 26. oktober. Det var ope for alle og vi hadde barn, ungdom og vaksne frå 8 år og oppover. Til saman var vi rundt 35 stk. Anledninga var Bergen sin årlege Pepperkakeby.

Verden i Bergen i haustferien

I haustferien gjekk Verden i Bergen igjen av stabelen. På leiren var det 35 barn innom frå måndag til fredag. Vi hadde også 11 leiarar saman med oss. Vi inviterte barn frå mottaket i Ytre Arna og frå Landås. Det var også barn frå nærområdet i Ytre Arna og barn som har erfaring frå CISV. Temaet for veka var «put yourself in someone else’s shoes» eller det å kunne sette seg inn i og forstå andre sin situasjon.