Alle i CISV Hordaland veit at ekte vestlandsvêr er berre ein unnskyldning for å ha det ekstra gøy inne!
Helga 04. – 06. oktober var 27 born og 6 leiarar saman på minileir i regi av CISV Sunnhordland. Det var ein blid og kreativ gjeng, med både «nye» og «gamle» CISVarar, som kickstarta haustferien på Stord.
Leirstaden var på Sagvåg skule, og deltakarane fekk boltra seg i gym-salen, og mellom regnbygene, på det flotte uteområdet. Der var det klatretau, sklie og «disse» som barna entusiastisk heiv seg over!
Helga har bydd på energizers, navne- og bli-kjend aktivitetar, teikning, fotball, «kino» og mykje meir. Juniorleiar Line lærte vekk dansen til «the fox», som definitivt vart ein hit for helga!
I hovudaktiviteten på laurdagen fekk borna «lage» sitt eige land med språk, hovudstad, klima, nasjonalrett og flagg mm. I tillegg fekk dei velje seg kostyme som representerte nasjonaldrakta, og laga dans/-song. Dette resulterte i mykje latter og moro, og det var ikkje noko å utsetja på kreativiteten!
Takk for ei kjekk helg! Me gler oss allereie til neste gong!