I helga var delegatar frå i alt 13 delegasjonar og seks fylkeslag samla på Romarheim for SUDT Vest. SUDT står for Step Up Delegat-Trening, og er som namnet seier ei opplæring av alle som skal på Step Up i sommar.
På programmet stod mellom anna aktivitetsplanlegging, evaluering, risk management, cultural activity og camp meeting. Travelt og tett program, men det stoppa på ingen måte ungdommane frå å vere entusiastiske og engasjerte. Det er ein imponerande gjeng som skal delta på Step Up rundt om i verda i sommar.
Innimellom arbeid og diskusjonar, blei det også tid til fritid ute i den fine vårsola. Nokre var til og med så tøffe at dei var med Sissel (stab) i fjorden og bada! Cred til dei 🙂
No gler me oss mykje til sommaren og leirstart!
*****
Delegasjonane på SUDT Vest:
Finnmark (skal delta på leir i Austerrike)
Hordaland (seks delegasjonar, skal til Østfold, Italia, Polen, Portugal, Tyskland og Ungarn)
Oppland (to delegasjonar, Brasil og Colombia)
Rogaland (Telemark)
Trøndelag (to delegasjonar, Danmark og Voss)
Vest-Agder (Costa Rica)
***
***