Du er med dette velkomen til å søke om deltaking på prosjektet UP! som blir arrangert på Romarheim/Hordaland 3.-10. august 2012. Det kjem 30 deltakarar frå Noreg, Spania og Portugal i aldersgruppa 16-21 år. I utgangspunktet er det 10 plassar til kvart land. Søkarar frå Hordaland vil bli prioritert.
Søknadsfrist: 30. mai.
Programmet på UP! blir mykje likt som på ein CISV-leir, med tre aktivitetsbolkar for dagen. Det er deltakarane sjølve som planlegg og gjennomfører aktivitetane. I tillegg til dette blir det som i andre CISV-program; mykje moro og sosiale aktivitetar frå tidleg til seint.
«En bærekraftig utvikling er en utvikling som imøtekommer dagens behov uten å ødelegge mulighetene for at kommende generasjoner skal få tilfredsstille sine behov» (Brundtlandkommisjonen, 1987).
UP! har som mål å fremje aktivt medborgarskap og berekraftig utvikling. Me har delt i tre undertema:
– Samfunn: Korleis påverkar fattigdom berekraftig utvikling? Kan ein få til ei berekraftig utvikling utan likestilling? Er det slik at me i dag ser ein framvekst av ekstreme politiske miljø på både høgre- og venstresida i Europa, og i så fall: Kva vil dette ha å seie for framtida?
– Miljø: Er maten du et produsert lokalt eller importert og kva har dette med berekraftig utvikling å gjere? Gjer finanskrisa at me me er blitt mindre opptatt av miljøet? Er ei miljøforandring mindre viktig enn økonomisk vekst?
– Økonomi: Korleis ser arbeidsmarknaden ut i Europa i dag? Vil ein økonomisk tilbakegang svekke eller styrke berekraftig utvikling? Finst det eit tak på økonomisk veskt? Korleis påverkar din levestandard andre menneske på jorda?
Det er ei deltakaravgift på kr 1000. I tillegg kjem reiseutgifter. Me har søkt EU-midlar for prosjektet, svar på dette kjem i juli. Dersom me får støtte, vil alle deltakarane få refundert 60 % av reiseutgiftene sine.
Ein må ikkje vere medlem i CISV frå før for å søke, men alle som deltek på prosjektet må melde seg inn. Send gjerne invitasjonen vidare til andre du kjenner som kan vere interessert i å vere med.
Link til søknadsskjema: https://cisvnorge.wufoo.com/forms/saknad-om-a-delta-pa-up/
Ta kontakt om du ønskjer meir informasjon om UP!
Inger Berit Hagen
leiar CISV Hordaland
hordaland (@) no.cisv.org
tlf 95705916