21. september er den internasjonale dagen for fred. Dette markerer CISV over heile verda. I Hordaland var det ope CISV-hus i Bergen og venskapleg tevling i ulike aktivitetar på Stord, der ni lag frå ulike organisasjonar møtte opp for å vere med og feire dagen.
Fredsdagen på Stord:
Det blei ei flott feiring av fredsdagen! 9 lag trossa regn og deltok i ei sportsleg tevling på Torget på Leirvik for å markere FNs internasjonale dag for fred. Tenk at me har så mange flotte lag og organisasjonar som engasjerer seg! I alt var me rundt 60 personar som møtte fram.
Takk til alle deltakarane frå Internasjonal Kulturklubb, Redd Barna, Norsk Folkehjelp, IL Stord, Solid IL, Litlabø mottak, ordføraren (som mobiliserte to lag!) og CISV Sunnhordland. Og best av alle var Redd Barna som stakk av med sigeren 👏👏👏 IKK var ein god nummer to