I tråd med hovudsatsingsområda KOMPETANSE og NETTVERK i CISV Noreg sin gjeldande strategi- og handlingsplan, vedtok årsmøtet i CISV Hordaland 21.10 fire fokusomåde for det komande året.
Dette vil lokallaga samla ha eit spesielt fokus på fram til neste årsmøte:
– Mosaikk (minst fire helgearrangement i halvåret)
– Foreldreførebuing
– Felles juniorarrangement
– God informasjon til medlemmer
I diskusjonen kring saka kom det fram at dei ulike lokallaga er sterke innanfor ulike punkt per dags dato. Det blir difor viktig å dra veksel på kvarandre, å hjelpe og støtte kvarandre der det er trong. Fokusområda blir sett på som mål samla i fylket. Årsmøtet ønskjer at alle fire fokusområde skal bli godt ivaretatt av alle lag, samstundes som ein skal ta omsyn til storleik og noverande organisering/aktivitet i laga.
Fylkeslaget vil følgje opp, hjelpe og koordinere lokallaga i dette arbeidet.