Årsmøtet vedtok å opprette ein eigen Juniorkomité i CISV Hordaland. Eirin Kongestøl Espeland frå Sunnhordland blei valt av juniorane på årsmøtet til leiar av komiteen. Med seg fekk ho Karoline (Bergen), Taran (Bergen), Sigrid Johanne (Bergen), Katherine (Os) og Amalie (Os). I tillegg utnevnte Rikke (Bergen) seg sjølv som leiar av Kosegruppa.
Gratulerer til alle!
CISV Hordaland gler seg til å sjå komiteen kome i gong og ser fram til mykje og spanande Mosaikk i tida som kjem.