HASTAR!
Det er ledig plass for 14-åring på Step Up i Darmstadt 6.-28. juli. Delegasjonar frå ni land skal delta, med fire ungdommar og ein leiar frå kvart land. Ungdommane planlegg og gjennomfører aktivitetar sjølve på leiren, ved hjelp av vaksne leiarar. Måla for Step Up er:
- Develop leadership skills
- Encourage social responsibility towards the community
- Develop a global awareness
- Enable personal development
Delegasjonen som skal delta frå Norge består så langt av Linnea frå Stord, Erle frå Voss og Olve frå Bergen. I utgangspunktet er me på leit etter ein gut til, men er opne for jente dersom ingen gutar melder interesse. Mats (26) frå Stord er delegasjonsleiar, han har vore leiar og stab på fleire leirar tidlegare.
Du kan lese meir om Step Up her: Kva er Step Up?
I tillegg til å vere både utviklande og lærerikt, er Step Up framfor alt veldig moro! Gjennom aktivitet og leik får ein kjennskap til ungdoammar får ulike delar av verda, og knyter varige venskapsband.
Dersom du er interessert i meir informasjon om leiren i Darmstadt, ta kontakt med Inger Berit Hagen, tlf 95705916, i.b.hagen@no.cisv.org.