Ta eit gigantisk slengtau, ein stor fotballbane, strålande sol og 23 fantastiske minier, legg på ein entusiastisk stab og eit par fine juniorledere, så har du oppskrifta på ei perfekt helg på Stord!
26-28 April var 5-7 klassingar frå Bergen, Os og Sunnhordland samla på Nysæter ungdomsskule for vårens siste minitur. Me teama opp og spelte handycap-fotball, laga hinderløype og skipa olympiske leiker med støvvelkast og ballongføring i motvind. På toppen av det heile hadde me eit bursdagsbarn, og det vart knytta mange nye vennskap på tvers av lokallaga.
Fleire lokalaviser tok turen innom i løpet av helga, resultatet av det kan du sjå her:
http://www.sunnhordland.no/article/20130430/NYHENDE/130439995
http://www.stordnytt.no/2013/04/skal-pa-sommarleir-til-belgia-og-sverige/
Staben ynskjer å senda ein stor klem til alle som bidrog med matlaging, bakst og transportering av deltakarar i løpet av helga.
No gler me oss allereie til neste minitur, og vonar om at endo fleire (både store og små) har lyst til å vera med!
Leirdagbok frå helga: