Helga 4. til 6. oktober vert det minitur til Stord for alle som går i 5.-7. klasse!
Det vert oppmøte på Sagvåg skule kl 1800, og henting kl 14.00 på søndagen. Alle CISVarar (nye som gamle) i aldersgruppa 5.-7. klasse (og sjølvsagt vennene deira) kan vera med!
Deltakarar som kjem med Kystbussen frå Bergen til Leirvik tek bussen som går kl 15.45 frå bystasjonen, der vil det vera ein vaksen som slår følge med dei. Returen vert kl 14.40 frå Leirvik, framme i Bergen kl. 16.45.
Ei lita hugseliste:
– Sovepose og liggeunderlag
– Toalettsaker
– Inne- og utesko
– Litt lørdagsgodt (for maks 30 kr)
– Inne- og utekler for ei hel helg
– Penger til deltakeravgift og buss
Turen kostar 400 kr for deltakarar frå Sunnhordland, 250 kr for deltakarar frå Os, 200 kr for deltakarar frå Bergen, Askøy og Nordhordland og 100 kr for deltakarar frå Voss. Dette inkluderer ikkje transport, så hugs pengar til bussen!
Ved påmelding, vennligst oppgi:
– Fullt navn til den som melder seg på, og foreldre
– Fødselsdato på deltaker
– Telefonnummeret og e-post til både deltaker og foreldre
– Kva lokallag du høyrer til eller om du ikkje er medlem
– Om du har matallergier, andre allergier eller medisinar me må veta om
– Kvar du tar buss frå (eller om du blir køyrd)
Påmeldingsfristen er måndag 30. september
Påmeldingsskjema finner du her.
Ta kontakt med Mari på e-post mari.ottesen@gmail.com dersom de har spørsmål.
Me gler oss!
Helsing staben