Open day på Camp Smalahove
Søndag 12. juli inviterte Camp Smalahove til Open Day på Mjølfjell. Delegatane hadde førebudd eit interaktivt opplegg for gjestane, samt ein velkomstdans til den kjente og kjære ”The Fox”.
Kvart land var representert som ein stasjon spreidd rundt på leirstaden. Gjestane danna grupper saman med delegatane, og skulle etter tur vitje dei ulike stasjonane og ta del i ein kort aktivitet frå kvart land. Til dømes hos Jordan lærde dei ein tradisjonell dans, hos Sverige leika dei midsommar-leikar, og Spania aktiviserte dei i ”Ein-to-tre-raudt lys!”.
Det vart ein kjekk dag med mykje leik og latter for både gjestar og leirdeltakarar!