21. september er FNs internasjonale dag for fred. I samband med årets fredsdag, laga CISV International eit toolkit med 21 ulike utfordringar. Dei bestod av alt frå å skrive positive helsingar og henge på offentlege toalett, plukke bos, gi eit kompliment til nokon, eller donere pengar til ei god sak. Sjå heile pakka her: cisv.org/peace-day-2018/
På Stord utførte CISV Sunnhordland tre av desse utfordringane:
#4 Play music in a public space
#18 Give out cookies
#19 Explain Peace Day to someone
I alt blei det delt ut 160 flygeblad og endå fleire kjeks i løpet av litt meir enn to travle timar.
Korleis kan DU bidra til ei meir fredeleg verd?
#CISVright4peace