21. september er den internasjonale fredsdagen.
På Stord laga me eit stort banner for å ønskje velkomen dei einslege, mindreårige flyktningane som flyttar hit seinare i haust. Me spelte også ein uhøgtidleg fotballkamp. Til saman var me omlag 40 personar frå CISV og asylmottaket på Heiane.
***
I Bergen var det gjengen i Kompaz saman med andre engasjerte CISV-medlemmer som markerte dagen. Dei hadde stand på Torgallemnningen, kor forbipasserande fekk skrive kva dei tenker på når dei høyrer ordet fred.