Helga 14.-16. september var det post village for alle delegasjonane som har vore på Barneleir i sommar. Sidan det var heile 16 delegasjonar som deltok frå Hordaland, var halvparten av delegasjonane på Romarheim og halvparten på Stord denne helga.
Her kjem bilete og tekst frå helga på Stord 🙂
***
Fredag 14. september kom 8 energiske og glade delegasjonar til Sommarøya Stord for dele sine opplevingar frå den store hendinga i sommar. Dei hadde deltatt på leirar i Kina, Sør-Korea, Indonesia, Italia, Danmark, Sverige, USA og Mexico. Noko av det me oppdaga, var at uansett kor i verda me hadde vore, hadde me liknande historier å fortelle. Det var veldig moro å høyre frå kvarandre sine leirar!
Fredag kveld hadde me ulike namneleikar. Sjølv om me var saman på pre village ei helg i vår, var det greit å få friska opp alle sine namn. Laurdag morgon gjorde me ein aktivitet som Kompaz (eit utvekslingsprosjekt mellom CISV Norge og CISV Colombia) hadde laga, som handla om stereotypiar knytta til kjønn. Det var interessant å høyre kva unge ungdommar tenker om rollemønster og forventningar, og kanskje blei me litt flinkare til å hugse på at det er lov til å vere seg sjølv, utan å skulle passe inn i bestemte roller?
Midt på dagen var det tid for fart og moro! Då var me ute og leikte Capture the Flag. Me fekk kake til snack, for Olav hadde bursdag og blei 12 år, hurra!
Om ettermiddag hadde me forteljarstund. Det var veldig spanande å høyre alle delegasjonane fortelle om sine opplevingar og minne frå sommaren. Delegasjonane hadde med bilete som dei viste på storskjerm, og mange hadde med suvenirar, byteting og til og med national costumes som dei hadde bytta med andre. Det er ikkje tvil om at det har vore mange inntrykk på leir! Delegatane sat som klistra og var utruleg interesserte i kvarandre sine historier.
Om kvelden leikte me Mickey Mouse game og fekk laurdagsgodteri. Kvelden blei avslutta med Lullabies, slik som også kvelden før.
Søndag var siste dagen saman, og leiarane ville at delegatane skulle reflektere litt over kva dei lærte i sommar. Me hadde difor ein aktivitet der me først to og to, så i delegasjon og til slutt i heil gruppe snakka om opplevingar som me trur me kjem til å ta med oss vidare i livet, ting me har oppdaga som me ikkje visste frå før, og eigenskapar me er blitt flinkare til. Etter ei konsentrert økt, var det moro å avslutte med den tullete leiken Hahaha 🙂
Tusen takk for ei innhaldsrik og flott helg! Me er så stolte over å ha så mange flotte medlemmer. Framtida ser lys ut med desse unge fredsarbeidarane som morgondagens leiarar!