I haustferien gjekk Verden i Bergen igjen av stabelen. På leiren var det 35 barn innom frå måndag til fredag. Vi hadde også 11 leiarar saman med oss. Vi inviterte barn frå mottaket i Ytre Arna og frå Landås. Det var også barn frå nærområdet i Ytre Arna og barn som har erfaring frå CISV. Temaet for veka var «put yourself in someone else’s shoes» eller det å kunne sette seg inn i og forstå andre sin situasjon.
Les meir om Verden i Bergen og sjå mange flotte bilete på vib.cisv.no