Foreldretrening i CISV Os
I tida frå ein søkjer og fram til aktiviteten om sommaren førebur delegatar og leiarar seg grundig, og lærer mykje om CISV og om programmet dei skal delta på. Heime sit nokre litt forvirra foreldre, litt usikre på kva CISV eigentleg handlar om. For å gi dei ny innsikt og svar på ein del spørsmål arrangerte CISV Os foreldretrening for første gong i mars.

