Søkarhelg for Step Up og Interchange

Helga 9.-11. januar var 32 glade ungdommar samla på Romarheim for å lære meir om programma dei har søkt på og for å bli kjent med kvarandre. Det blei ei helg litt utanom det vanlege, då straumen gjekk laurdag ettermiddag og aldri kom tilbake. Det stoppa ikkje aktivitet og godt humør – kjekkare ungdommar skal ein leite lenge etter!

Her finn du bilete frå turen.