FNs internasjonale dag for fred

21. september er den internasjonale dagen for fred. Dette markerer CISV over heile verda. I Hordaland var det ope CISV-hus i Bergen og venskapleg tevling i ulike aktivitetar på Stord, der ni lag frå ulike organisasjonar møtte opp for å vere med og feire dagen.

Sjå bilete 😀  

Miditur i sol

Helga 5.-7. mai arrangerte CISV Voss midi-tur til Romarheim. Me var om lag 15 unge og vaksne som reiste til Nordhordland i strålande vårvêr. I løpet av helga fekk til og med nokre av midiane lufta badebuksa for fyrste gong i år. Laurdag åt me den sedvanlege romarheimstacoen ute i strålande sol. Det var ein godt nøgd gjeng som reiste heim sundag etter nok ein kjekk helgetur til Romarheim!

På leit etter eventyrlystne gutar 

Dei tre jentene Anna (12), Eva (12) og Linnea (13) har fått plass på Interchange til Bulgaria gjennom CISV Sunnhordland i sommar. Saman med tre gutar i same alder og ein vaksen leiar, skal dei både få besøk av og dra på besøk til ein delegasjon frå Sofia. Her skal dei bu heime hos kvarandre. Jentene gler seg mykje til å bli kjent med ungdommane frå Søraust-Europa, og til å oppleve korleis det er å bu i ein annan familie. Dei ser fram til bading, ekskursjonar, spanande mat og nye venskap. Einaste utfordringa no, er at gutane manglar.

Minitur til Stord

Helga 31. mars til 2. april arrangerte CISV Sunnhordland minitur på Litlabø skule på Stord. 31 born og 7 vaksne hadde det veldig triveleg saman denne helga.

Les meir og sjå bilete 🙂

Step Up og Interchange søkerhelg på Romarheim

Helgen 13. til 15. januar var det endelig tid for årets step up og interchange søkerhelg på Romarheim i regi av CISV Hordaland. Her fikk de fleste av årets søkere en liten smakebit på hva det vil si å delta på de to CISV-programmene. Det var mange undommer som tidligere har deltatt på arrangementer i regi av CISV, men også mange helt nye fjes.

Les mer om den innholdsrike helgen og se bilder!