På leit etter eventyrlystne gutar
Dei tre jentene Anna (12), Eva (12) og Linnea (13) har fått plass på Interchange til Bulgaria gjennom CISV Sunnhordland i sommar. Saman med tre gutar i same alder og ein vaksen leiar, skal dei både få besøk av og dra på besøk til ein delegasjon frå Sofia. Her skal dei bu heime hos kvarandre. Jentene gler seg mykje til å bli kjent med ungdommane frå Søraust-Europa, og til å oppleve korleis det er å bu i ein annan familie. Dei ser fram til bading, ekskursjonar, spanande mat og nye venskap. Einaste utfordringa no, er at gutane manglar.