Helga 9.-11. januar var 32 glade ungdommar samla på Romarheim for å lære meir om programma dei har søkt på og for å bli kjent med kvarandre. Det blei ei helg litt utanom det vanlege, då straumen gjekk laurdag ettermiddag og aldri kom tilbake. Det stoppa ikkje aktivitet og godt humør! Kjekkare ungdommar skal ein leite lenge etter 🙂
Fredag kveld gjekk med til bli kjent-leikar og camp meeting. Etter middag hadde me sosiale aktivitetar i stova. På laurdag hadde me grupper kor me diskuterte innhald i Step Up og Interchange, og så lærte me litt om dei fire utdanningsområda i CISV. Det blei fine og morsomme tekneseriar om mangfald, menneskerettar, berekraftig utvikling og konflikt/konflliktløysing. Etter dette var det ungdommane som tok over programmet og planla sine eigne aktivitetar.
Alt gjekk som smurt, heilt til straumen plutseleg gjekk i 16-tida. Me visste jo godt at orkanen Nina herja Vestlandet, men på Romarheim var det ikkje særleg vind, me hadde til og med vore ute og hatt aktivitetar før dette. Me var difor ikkje heilt budde på at straumen kunne gå – og med straumen fór også vatnet. Ikkje heilt etter planen, men ungdommane tok det heile med godt humør. Dei var også usedvanleg flinke til å gjere om på aktivitetane og tidspunkta, slik at programmet kunne halde fram med høgt aktivitetsnivå. CISV Hordaland kan trygt sende desse ungdommane som representantar for Norge på leir!
På grunn av manglande vatn fekk me diverre ikkje vaska skikkeleg ut etter oss før avreise på sundag, og alle var svært så leie for det. For å bøte på dette, har me lova at alle skal få vaske dobbelt på neste hyttetur 😉
Det var ei veldig kjekk helg, og me gler oss til å møte alle att seinare, anten i delegasjonar eller på hytteturar.