Dei tre jentene Anna (12), Eva (12) og Linnea (13) har fått plass på Interchange til Bulgaria gjennom CISV Sunnhordland i sommar. Saman med tre gutar i same alder og ein vaksen leiar, skal dei både få besøk av og dra på besøk til ein delegasjon frå Sofia. Her skal dei bu heime hos kvarandre. Jentene gler seg mykje til å bli kjent med ungdommane frå Søraust-Europa, og til å oppleve korleis det er å bu i ein annan familie. Dei ser fram til bading, ekskursjonar, spanande mat og nye venskap. Einaste utfordringa no, er at ikkje alle gutane er på plass.
– Utan tre gutar, har me ikkje ein heil delegasjon, forklarar Andrea M. Gundersen, styreleiar i CISV Sunnhordland. – Då er det diverre slik at heile utvekslinga må avlysast. Det er veldig beklageleg. CISV Bulgaria sit klar med full delegasjon og gler seg veldig til å komme til Vestlandet, slik ungdommane våre og leiaren deira også er klare for dette.
Utvekslinga går føre seg i juli. Dei to første vekene av månaden kjem den bulgarske delegasjonen til Noreg. Deretter dreg dei norske ungdommane til Sofia. – Me ser etter gutar som har lyst til å oppleve noko heilt spesielt, som vil vere med på kjekke opplevingar. Så langt har me fått éin gut på plass. Me har sett oss frist til ut april med å finne dei to siste, etter dette vil utvekslinga ikkje finne stad dersom me ikkje full delegasjon, seier Gundersen.
Det har vore lite interesse blant gutar i Sunnhordland. Jentene kryssar no fingrane for at det finst gutar andre stader som er modige nok til å vere med dei. Dersom nokon er interesserte i meir informasjon om utvekslinga, kan dei ta kontakt med CISV Sunnhordland.
Styreleiar: Andrea M. Gundersen, tlf 404 76 998, andrea.gundersen @ no.cisv.org
Delegasjonsansvarleg: Inger Berit Hagen, tlf 957 05 916, i.b.hagen @ no.cisv.org