I tida frå ein søkjer og fram til aktiviteten om sommaren førebur delegatar og leiarar seg grundig, og lærer mykje om CISV og om programmet dei skal delta på. Heime sit nokre litt forvirra foreldre, nye i CISV-verda, grundig informerte om scrapbøker, byteting, merking av klede og vaksinering, men stadig litt usikre på kva CISV eigentleg handlar om. Kanskje er dei til og med bekymra for korleis dette skal gå? For å gi dei ny innsikt og svar på ein del spørsmål arrangerte CISV Os foreldretrening for første gong i mars.
Somme fylkeslag har drive med dette i årevis, og fordeler foreldretreninga over fleire økter utover våren. Vi byrja i det små med berre ein kveld, og hanka inn den røynde CISV-osingen Ingrid Tøsdal til å snakka om historia til CISV, om fredsutdanning, dei fire fokusområda, om tida fram mot avreise, livet på leir og imponerande mykje meir. Foreldra var nøgde, ungane koste seg på leikemøte vegg i vegg, og til slutt runda vi av med CISV-songen for alle mann. Fleire foreldre song han for første gong, men det blir garantert ikkje siste.
Takk til Ingrid, og takk til foreldretreningsnestor Hilde Fjellvær i CISV Trøndelag for gode råd, og for at ho har sett i gang arbeidet med å laga ein grundig guide for foreldretrening.
Styret i CISV Os