Tysdag 15. september var det klart for Kompaz-prosjektet sin første aktivitet på CISV-huset, då alle miniane var invitert til å bli med på leik, moro og litt tenking. Temaet for kvelden var vatn, og miniane fekk tenke litt over kor heldige vi er i Noreg som har så god tilgong til vatn. Aktiviteten starta med ein mindre quiz som la grunnlaget for ein særs spanande stafett. Verda har neppe sett ein meir intens, men likevel moro konkurranse.
Kvelden var ein suksess og Kompaz gledar seg allereie stort til neste mini-aktivitet 13. oktober.